tirsdag 20. mars 2012

Den siste heile dagen med sommar i denne omgang..


I morgon ved middagstider set me kursen mot Luster. Då har me hatt 2 veker med strålande sommar i mars for tiande året på rad. Til saman 19 veker har me no opphaldt oss i Playa del Ingles med buplass i Jardin del Sol. Det er etterkvart vorte hytta vår på eit vis. Me kjem oss vekk frå lokale trivialitetar og til ferie og fritid i eit heilt anna miljø og til eit heilt anna klima. Samstundes er det mest som å komma heim. Når me kjem hit og passerar restauranten som ligg rett ved inngangen kjem eine kelnaren ut i døra og ynskjer oss velkommen på ferie. Vel innom resepsjonen, der det sjølvsagt også berre er kjendtfolk, ser me ikkje etter skilt og informasjon av ymse slag. Når me ser nummeret på nøkkelen veit me nøyaktig kor me skal bu. Når me går årets fyrste tur på butikken for å fylle opp kjøleskåpet veit me kor margarinen er,og kva slags brød me vil ha. Me kan gå til kjøledisken og sjå etter lettmjølk. Om det er mange pakker der slik at dei bakarste står langt inne, har god dato og er ordentleg kalde, då tek me med ein liter.

Men no er det altså eit år til neste gang.

I dag har eg spasert aleine ein runde rundt om i byen og lete tankane floge. Det som har komme relativt stert attend til meg i dag i det eg gjekk her og fabulerte var situasjonen vi var i då heimturen nerma seg i fjor. Då var det 3 dagar sidan me fekk eit mildt sagt uventa og sørjeleg dødsbudskap. Han Peder, klassekamerat gjennom heile barneskulen, "hybelsambuar" gjennom ein vinters yrkesskule og ein av dei næraste vennene i heile vårt då 59 årige liv, var gått ut av tida vår. Vi skulle heim til gravferd etter ein av våre eigne.

I år er det ei av dei klokaste i bygda som har gått bort Ho Jenny Stokkenes, ei dame med både allmennkunnskap og livskunnskap langt utover dei flest av oss.
Ho Jenny fekk leve eit heilt liv og meir kan ingen av oss ynskje oss, men alikevel blir det ekstra trist når ein familie som allt har gjennomgått meir enn dei har fortent også skal gjennomgå dette nett no.

I morgon i  eit halvto tida dreg me herifrå med kurs for flyplassen. Dersom det ikkje blir meir  ferieblogging  for denne gangen vil eg takke for føljet til dykk som har følgt med oss her. I gjennomsnitt har det vore ca 90 lesarar innom kvar blogg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar