fredag 11. mars 2016

Siste bloggen for i år.


I går kveld var me på Restaurant Skansen og å middag for tredje gang. Der var det Elvis-show og det var det moro å vere med på. Playa del Ingles er pensjonistane sitt rike og det passar perfekt for Elvis. Me skal hugse at Elvis la eigentleg opp i 1968, året etter at eg vart komfirmert. Dei som var ungdommar i Elvis si storheitstid, altså var jamngamle med han, er 80 år no.

Det var ei sann glede å sjå spreke 70 - 80 åringar tok fram rockekunnskapane sine frå 60 talet.


Det dreg seg mot slutten på denne turen, det ber allt preg av no, noko dette bilete kan vere eit symbol på, knipsa liggande på ei solseng. Det er snart slutt på blogginga også. Det ber sikkert innhaldet preg av. I alle fall ber leseaktiviteten preg av det. Eg har tilgjengeleg statistikk over antal lesarar kvar dag og frå onsdag er det tydeleg at mange har tenkt som så at no får det vere nok.


Nokre ord om aktiviteten på denne siste heile dagen her nede vert det alikevel. På min spasertur til stranda kom eg over denne protestaltanen. Kva det vert protestert mot er eg ikkje heilt sikker på. Det manglar liksom litt samanheng etter mitt vet.


Navlestanga mi var med i dag så då måtte ho også brukast. Her har eg foreviga meg sjølv framfor "statuecowboyen" som har stått der så lenge eg har frekventert denne plassen.


Slik ser han ut på nert hald og bukka høfleg gjer han når han får ein femmar.





Sida stanga var med var det fristande å knipse bilete i ymse retningar frå lågtflygande fugleperspektiv også sidan eg var i gang.


Dette året let det seg ikkje gjera for min faste turkompis å slå fylje. Det har turen bore preg av.
Eg har sakna deg. Du får sjå til å bli frisk og sterk att.

Med desse bileta og orda takkar eg lesarane for fyljet på denne 14. turen til Jardin del Sol i Playa del Ingles.
Så møtest me kanskje att på same måten i mars 2017.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar