søndag 6. mars 2016

Strandturen til fyret.

I dag har eg gått turen langs stranda ut til fyret ved Meloneras.
Men fyrst litt om gårkvelden.


I går kveld valde me å koste på oss ein femtilapp ekstra og gjekk på ein litt "finare" restaurant, trudde me i alle fall. Me sette oss til rette og bestillte kvitlauksbrød som ventekost. Hovudretten vart Snitzel cordon bleu og lammesteik.


Det var ei lukke at kvitlauksbrødet var av det luksiriøst store slaget. Frå byrjinga av var det stort og rundt som ein pizza og rett godt. Men det varde og rakk med hovudretten. Plutseleg var det ein kelnar på veg med to rettar til oss. Ein slags fisk til meg og ei stålpanne med eit eller anna i til Alice. Dette kune ikkje vere rett sa me til kelnaren. Det vart snakka noko spansk med utestemme fyrst, eg veit ikkje om det var mynta på oss, men til slutt tok han maten med utatt. Det viste seg at det var nabobordet som skulle ha dette.
Etter ei god stund til gjorde dei eit nytt forsøk. No kom dei med to porsjonar laks. Me kom med dei same protestane. Me skulle ha snitzel og lam sa me. Hovudristande og eg trur litt flau måtte kelnaren for andre gong returnere til kjøkenet med maten..



Då endeleg kom maten. Litt stusseleg spør du meg men slik skal det heilt sikkert vere. Maten var i alle fall god og me hadde god tid til å bli rikelg svoltne.


Etter maten gjekk turen til Trollstova for ein kaffikopp eller to og eit glas med Veterano. Der sat denne snertne snella og song gamle slagerar frå 60-70 talet. Der vart det plass til både Beatles, Bee Gees, Elvis og Raindrops falling on my head.


Så var det forteljinga om ørkenvandraren og den store strandturen. Den skal etter som vert sagt vere omlag 7 km. lang.


For dei mange lustringar som har gått denne turen før kan eg fortelje at det var bra framkommeleg i år. En del stein møtte eg kort veg frå startpunktet, men med gode sko var det fint å gå.


Me kjempa oss fram i vind og byljer som best me kunne. Det var verst for dei eg møtte. Dei hadde motvind. Etter kvart var både øyrer og auger fulle av støv.


Eit stykkje etter neset vart det smalt. Nokre plassar måtte me velje å gå oppe i sanddynen eller lata byljene slå oppetter leggene.


Siste delen av turen vart det rett fint å gå. Her ser eg fyret som er endepunktet for turen. Det er eit syn som alltid er godt å sjå. Ein vert noko sliten av å gå i sanden og sjå seg føre for både byljeskvulp og steinar.


Her er målet nådd. Eg prøvde meg med å spasere gatelangs heimatt også, men etter å ha gått ein trejedel av turen gadd eg ikkje meir og tok drosje heim til dobesøk og lunch.


Alice har vore til kyrkje i dag. Den skandinaviske kyrkja ved Kasbah vart vald for denne vekas sundagsgudsteneste.


Då ho kom inn var det berre 10 minuttar att av gudstenesta fortalde ho, men eit bilete som bevis på deltaking er alikevel greit å ha med i bagasjen heim.


Med eit prov på ver og temperatur helsar me heim til dykk i snødekte heimlandet. Om ei lita veke er me der me også.

Takk for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar