onsdag 9. mars 2016

Onsdag, to dagar att.


I dag var meiniga å dra på busstur til ein liten stad oppe i fjella her som heiter San Bartolome de Tirajna. Planlegginga var gjort, dvs. funne busstopp og teke bilete av bussrute. 11.08 skulle bussen gå, men då me vakna i dag til turens finaste ver vart turen lagd på is.


Men dagens forteljing må starte med i går kveld. Då vart det tur til Puerto Rico med privatsjåfør, dvs. drosje. Det er 15 - 20 km frå oss til sentrum der ute så heile turen er unnagjort på eit kvarter. Pris 25 euro eller 250 kroner.


Formålet med turen var ein kveld med slektningar til Alice. Her er desserten kommen på bordet, Veterano og Irish coffe. Middagsmåltidet bestod av ulike pastarettar.  Sjølvsagt sidan me åt på ein Restauranti Italiani, sjølv om ingen kunne eit ord italiensk og sikkert ingen heller hadde sett sine føter i Italia.


Heimturen gjekk på samme luksuriøse vis. Me kappkøyrde med bussen og vann han sikkert med eit kvarter. Det vart stopp på Naboen på heimvegen. Der var det både stamgjester frå Årdal og Luster å helse på.


I dag har eg vore ein tur oppe til der lokalbefolkningen bur. San Fernando heiter det der og bydelen starta så smått rett bak der me bur.


Her er ei typisk gate med rekkehus eller kva ein skal kalle det. Storparten bur nok i blokker, men store områder er også bygd ut slik som dette. Heilt like einingar frå starten, men noko ombygd og oppussa etter eigen smak og behag. Dette området var inngjerda og innemura på allae kantar med unntak for ein smal tilførsleveg. Dette veit eg allt om sidan eg gjekk langs muren rundt mest heile området i håp om å finne vegen utatt.


Det er ikkje mykje av eigedommen som ikkje er hus så ein må nytte plassen godt. Om ein er redd nok for bilen vert det alltid plass til garasje i gangen, same kor trangt det er å komme inn inngangsdøra.


Dei som ikkje vil eller kan sette bilen i gangen parkerar på fortauet.

Dette får vere nok frå mi to timar lange antropologiske studiereise i dag. I kveld trur eg turen går til Spisestuen. Det var ei som ville vete  vegen til han Atonio med dukane.

Om det vert noko spanande ut av den utfarten, så få de kanskje vete det i morgon.

Takk for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar