torsdag 10. mars 2016

Torsdag med tur til nabobygda.


















Du ska itte trø i graset.
Spede spira lyt få stå.
Mållaust liv har og ei mening
du lyt sjå og tenkje på.


Denne vesle palmespiren fekk dei fyrste orda i Einar Skjæraasen sitt kjend dikt tileigna seg i dag.
20 cm høg, som ei lita vever potteplante stod ho nyplanta og i ytterste fare for å bli overkøyrd ved fortauskanten.

Kveldsøkta av gårdagen vart ikkje mykje å skrive heim om. Middag på vår lokale Kina-restaurant og deretter til Kasbah for å glane på seniordansen til eit glas kaffi på Irsk vis.

Det går mot slutten på vårt opphald her under ekvator. Me har ein dag att, sidan er det å pakka koffert og venda nasen mot nord.

I dag har eg vore på langtur til fots. I alle fall langt for meg. Landsbyen ligg oppe på ein høgde nordvest for Maspalomas og heiter EL Tableo.


 Kyrkja var sentral i bybiletet. Som de ser er ho av det moderne slaget og skrifta på veggen er "Iglesia de la Santisima Trinidad" som betyr kyrkja til den heilage treeinigheit, fritt oversett av meg.

Heile mai månad festar og feirar heile byen til ære for Santisima Trinidad. Dei er også kjende for truleg veras største paella. 32 kokkan er med på å lage denne paellaen som er 5 meter i diameter og mettar 5000 menneskjer.

Her er nokon bileter frå bygatene





























Eit par bileter av ein cool bil må det også bli plass til. Som de kanskje ser er det ein Smart som me også finn ein del av i Norge, men denne versjonen hadde vel hatt få bruksdagar i året heime.


Så vende eg ryggen til El Tablero og ser den lange vegen heim.



På veg heim gjekk eg forbi denne sers fråseggjorde rundkøyringa. Eg trur eg har vist han fram her eit tidlegare år også, men "for eventuellt nye seere" som Arne Scheie så treffande sa det.


For å skapa ei aning misunning, her er lunchen min då eg endeleg nådde fram til fortauet heime.


Takk for i dag.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar