tirsdag 8. mars 2016

Tysdag, etter ein pause.

 Det vart ikkje noko blogg i går. Ein sørjebodskap heimanfrå nådde meg i det eg skulle setje meg til å forme nokre ord til dykk. Hovudet vert fyldt med kva kunne me gjort onnorleis. Det går inn på oss når livet trøblar seg til for ein me alltid har hatt eit nært fohold til. Når livet blir så vanskeleg at ein ikkje finn vegen inn på trygg grunn att. Men livet må gå vidare for oss som er så heldige at me føler oss på trygg grunn.

Eg vel å skriva litt om ein oppdagelsestur til Maspalomas. Dette flate fine området vest for Playa del Ingles. For dei kjende, dette er frå  bakken ned med palmelunden i botn av bakken.


Eksotisk, men det er noko heilt onnort eg vil skriva om i kveld.


Om eg henvender meg til Maspalomasfararane har de sikkert alle eit forhold til kjøpesenteret Faro 2. No har det lege som ein kommande ruin lenge. Og verre blir det år for år. Det vil seie det kan knapt bli verre no.


Eg våga meg inn. Det var ikkje folk å sjå nokon stad. Tome vindauger over allt. Berre reklameplakatar og anna skrot låg strødd rundt.


I det eg kom heilt inn høyrde eg ein klagande mollstemd melodi svakt strøyme ut av ein høgtalar. Det burde vere teiken på liv, men for meg vart inntrykket berre meir skummelt.


Allt har sjølvsagt ei forklaring. Eg lista meg gjennom heile bygningskomplekset utan å sjå eit mennneskje, men vel nede trappa på andre sida såg eg folk. Der viste det seg at på utsida av sentert var det tre som ikkje hadde gjeve opp. Ein klesbutikk, ein kolonial og ein liten kafeteria. 


Og her er årsaka, trur eg. Eit badebasseng midt mellom mange titals bungalovar, om det ordet finns på norsk. Klokka er midt på dagen og sola skin frå nerast skyfri himmel, men det finns ikkje folk på solsengene eller i bassenget.


Eg går vidare langs folketomme gater med samme slag bungalovar og andre "sommarhus" på begge sider. Også her folketomt. Kva er det som skjer. Klarar dei ikkje å fylle opp med feriegjester?
Eg trur eg har svaret. Kalde senger kallar dei det i reiselivsbransjen. Eg trur at her er hyttene selde til privat bruk. Då står dei sikkert gjennomsnitteleg tome 10 - 11 månader i året. Det skapar spøkelses-kjøpesenter og tomme gater. Det er sjølvsagt forståeleg at det kan freista å selja til prisar langt over byggekostnader for så å nytte halvdelen til å bygge tilsvarande andre stadar. Men me ser alle baksida av ein slik strategi.



Det vart mykje alvor. Seinare på kvelden gjekk turen på byen for middagsinntak. På min veg kom eg i prat med ein mexikanar, trur eg. Eg prøvde meg på dei språk og dialektar eg kan, men han var stum som ein ørsters.


Maten vart innteken på Little Brasil. Ei hyggjeleg stund og eit godt måltid i noko som mest av allt likna ei lauvhytte.

No går turen til Puerto Rico og "syskinbån frå Årdal"

Takk for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar