søndag 8. mars 2020

Dag 2. Då er me i gang med sydenlivet.

I dag startar eg med ein quiz, kanskje for å minne om at det er påskequiz på Lustrabui palmelaurdag den 4. april. Serveringa startar klokka 19.00 og quizen ca kl 20. 
Dagens quiz er meint for den røynde kanariøy-farar: Kva er spesiellt eller uvanleg med denne bubilen. Den fyrste med rett svar på facebook vert nemd i positive ordelag på Lustrabui-quizen.

Restauranten Padaban på kjøpesenteret Kasbah, som me ofte har vitja, er nedlagt. I staden er denne El Toro Bueno oppstarta i same lokala. Då vart det til at me godtok endringa og inntok gårdagens middag der. Eg åt grillsteikt entrecôte og den smaka utmerka så dei lever opp til namnet sitt inn til vidare. El toro bueno betyr den gode oksen.

 Rausheita med vinen var det i alle fall ikkje noko å klaga på.

Me har strålande fint ver her så husets frue har via heile dagen til bading, helst solbading men også litt i vatn. No når klokka er 18 her nede er det stadig 28 grader på den skuggefulle verandaen vår.
 Eg har vandra gatelangs for det meste og sjekka ut kva endringar dei har gjort i byen vår sidan me var her sist. Ingen vesentlege endringar er funne men det er alikevel fint å gå slik og sjå på folka og lure på kva dei lurer på.

I blandt lurer eg litt når eg ruslar rundt her på kva eg skal skrive på bloggen når det lid til kveld. I kveld sender eit tips til Uthusen. Her finns det Spar-øl, rimeleg og godt. Kanskje ein ide som ein kuriositet i ølhylla hans?

Takk for i dag


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar