fredag 13. mars 2020

Fredag og halvveges.

I dag har det vorte mykje koronaprat både her i privaten og på fjernsyn frå Norge. Me ser eller høyrer ikkje om  restriksjonar her. Dagleglivet går som før med rikeleg med folk både i gatene og rundt bassenga. Også på butikkane og serveringsstadane er det heilt normal trafikk. Men me ser på reklamen me får tilsendt  at sydenturane vert no selde til dumpingprisar. Me reknar med at denne siste veka me er her vil me merke at det minkar med folk rundt om kring. 
Det går mot at me må dra kortaste vegen heim nattestid når me kjem til Flesland neste laurdag og rett i karantene sjølv om både hotell og bussar held det gåande som dei skal inn til vidare.

Så til ferielivet vårt. På veg heim frå Kasbah i går kveld gjekk me forbi restauranten Rimini som ligg i kjellaren på hotellet vårt. Ein av kveldane, kanskje i kveld, tek me middagen her. 

 I dag har eg vore til fjells. Med bru over den fyrste motorvegen og tunell under den andre var eg framme i "villmarka. Det er ei mengde med traktorvegar og stiar i alle retningar i fjellskråningane og dalane som skjer seg nordover frå kysten. Her var eg ein tur i dag og som vestlendingar flest finns det ein topp eller ein haug vert det dit turen går til.


 I steikande sol og med solbriller på fotograferte eg med freidig mot heile turen. I sollyset såg eg ikkje rart av det eg prøvde å sikte inn på og det gjekk som det måtte gå. Det vart berre bomskot. Dette eine biletet som eg tok på heimveg får stå som prov på at eg verkeleg har vore utanfor asfalten i dag

Me får sjå om aktiviteten tek seg opp att i dagane som kjem. Me har det i alle fall fint her. Strålande fint ver og me er frisk som ein fisk og lid ingen naud.

Takk for i dag.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar