I dag har me vore på handling. Fyrst gjekk turen til denne enorme klesforretningen. Oppdraget i dag var innkjøp av klede som skal brukast her nede i år. Deretter gjekk turen til Lidl for innkjøp av matvarer.

I desse bakgatene i området San Fernando er nyttetrafikk viktigare enn fotgjengarar og når den 19 meter lange bilen skal lastast er fortauet ein del av vegen.
Eit bilete av ein staseleg limusin tilhøyrande ein bar i kjellaren til Jardin del sol, der me har hatt "hytta vår" i 16 tovekers-periodar.

Denne bloggen er fyllt opp av uvesentlegheiter. Ein av dei er at i dag, den 9.mars 2020, inntok me lunchen vår på denne serveringstaden som ligg 50 meter frå utgangsdøra vår.
Til slutt i dag eit utval av det me fekk med oss frå Lidl i dag. Dette vert del av frukostmenyen vår i dagane som kjem.
Det var allt for i dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar