torsdag 12. mars 2020

Torsdag er dagen derpå.

Sjølv om overskrifta antydar noko anna vakna me frisk og opplagde etter ein tur på byen med desse to sambygdingane i går kveld. Restauranten heiter NUBE FUSION og ligg i fyrste etasje på Portonovo i "utkanten" av Puerto Rico.

Det vart indrefilet av okse på meg og den var av aller beste kvalitet så både bonden og kokken hadde her gjort ein exelent jobb.

Etter middagen frakta ein drosje oss til sentrum der me etter kvart kom i kontakt med denne karen. Med sin gode norsk er det sikkert fleire lustringar som hugsar han, men han fortalde om eit spesiellt vennskap  for mange år sidan  med Jonny Gjerde, som han ba meg helse heim til.
Me vil også sende ei helsing ut til vertskapet vårt i går kveld, Mia og Audhild, og takka for i går kveld.

Slik ser hotellet me bur på ut. Dette bilete er teke frå inne på Kasbah, så veit dei lokalkjende omlag kvar på Playa del Ingles det ligg.

 
Me bur i ein fløy som vender meir mot aust så me har sol frå morgon til ca klokka 13. Deretter må me på takterrassen for å sole oss heime.  Om me vil sole oss i lag med andre folk får bassengområdet gode karakterar av soltilbedaren vår.
Om de ser godt etter ser de Alice på verandaen  vår. Den er i øverste etasje til venstre.

 
I ein tidlegare blogg i år har eg antyda at det ikkje er mykje nytt å sjå sidan sist me var her. No visar det seg at gartnaravdelinga har gjort sitt. Desse formskårne trea må sjølvsagt alltid få sitt stell. Det har eg sett fleire eksempel på i mi ferd gatelangs, men i denne alleen har dei gått ekstra grundig til verks. Dette biletet tok Alice for eit år sidan og var litt imponert over kor fine dei klarde å halda dei.
I år har dei gått grundig til verks her og vil visst starta på nytt på eit vis. Biletet under er teke omlag på same staden i år.


I dag fekk eg den skriftelege beskjeden frå arbeidstakaren min LMI at eg må halde meg borte frå dei i 2 veker etter heimkomst. Samstundes melder myndigheitene at det også vert heimekarantene på oss like lenge.

Me har tilgang på norske media av alle slag og ser at NRK fløymer over om korona-informasjon heile dagane, men her nede ser eller høyrer me ikkje noko til nokon slags restriksjonar. Det einaste er at noko av det store karnevalet som føregår her i desse dagar vert avlyst.

Takk for i dag.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar