søndag 15. mars 2020

Siste dag i friheit.

 Det går mot slutten på utelivet vårt her på øya. I går inntok me middagen på den populere restauranten El Rancho. Deretter var me ein liten tur innom Naboen. Der fekk me eit gledeleg møte med dukseljaren Antonio. Det vart ikkje noko kjøp denne gongen, men me har vore med på å frakta attende til Luster eit betydeleg antal dukar frå hans berbare utsal.

 Klokka halv elleve stakk me innom Kasbah på veg heim. Her er det til vanleg eit yrande liv på denne tida, men i dag var det stille på dansegulvet.

 Det same var det med serveringsstadane. Ikkje eit einaste menneskje att.

 Rett før dette "gjekk i trykken" tok eg dette biletet austover byen. Omtrent ikkje ein einaste bil som rørde seg. Omtrent ingen folk å sjå i gatene.

Det er mange som er reiste heim no så hotella tømmest også. Eg var ein handletur oppe i San Fernando og på veg dit såg eg at dei fleste serveringstadane ikkje hadde ope i dag.

Frå i kveld ved middnatt vert det innførd karantene her. Alle andre butikkar enn matvare og medisinutsal skal stenge og alle serveringsstadar skal stenge. Me må holde oss på rommet vårt, men me har anledning til å gå ut til nødvendig innkjøp av matvarer og medisin.

Reiseselskapet vårt, Apollo, har informert oss om at heimreisedato enno er laurdag 21. men dei arbeidar for å framskunda avreisa.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar