onsdag 11. mars 2020

Onsdag, og i kveld er me bedt bort.

 Det er eit ork å måtte innta redaksjonskontoret kvar ettermiddag og ikkje få delta i sydenlivet den stunda. Her ser de korleis eg har det der.
I dag vakna me til overskya men fin temperatur. Etter kvart kom også sola fram att.

I dag har eg lagt spaserturen til stranda. For den lokalkjende gjekk eg ut til odden og attende. Den sollause føremiddagen gjorde at også husets frue vart med ned til stranda, men der tok handlelysta overhand så ho shoppa medan eg spaserte i sanden.
Det er ordentleg fin tur å gå slik langs sjøkanten utover, men ein må gå på den nederste delen der sanden er våt. Der sanden er turr er det skrekkeleg tungt å gå.

Litt bading og surfing var det også å sjå og er det for kaldt så badar me i boblejakke. For badast skal det uansett.

Der er mange måtar å tene til livets opphald på. Ein av måtane er å utruste deg til levande statue og sitje så stille som mogeleg. Denne var så naturtru at til og med duene tok feil og levde sitt dueliv vaglande både her og der.

Som dagens overskrift antydar skal me  vitje kjenningar i nabobygda i kveld. Kl. 18.12 går bussen og tek 43 minutttar etter kva busselskapet Global har berekna på ovanforståande Google-kart.

Kva som kjem ut av denne kvelden får de sikkert ein liten reportasje om i morgon.
No dreg eg på byen for å kjøpe ladeledning så er eg klar til avreise.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar