tirsdag 10. mars 2020

På kinarestaurant i koronatider.

Om me skal kalla nokon serveringstad for stamplassen vår så må det vere denne restauranten her. I går kveld var det tid for årets fyrste tur dit.

Me valde litt av kvart, det vil seie deira versjon av trerettars der me får servert tre ulike rettar samstundes. Så kan me dela det mellom oss der me kan prioritere mellom oss etter smak og behag. I går kveld trur eg me prioriterte alle rettane på topp begge to.

Slik såg det i alle fall ut då me hadde renska alle fata og tømt alle glasa.

Då bordet var rydda og vinglasa var etterfyllt fekk me besøk av kelnaren vår som også er sjefen her.

Etterpå gjekk turen til Kasbah shoppingcenter. Der fann me oss godt til rette rundt eit bord med fin utsikt, noko godt i glasa og litt digital sosial utveksling med gamlelandet.

Det har så langt vore noko vindfullt her nede. Fram til no har det vore berre godt fordi temperaturen har vore godt over det normale. Søndag og måndag har det lege rundt 30 grader men i dag har det falle litt ned mot det meir ideelle 23-25. Som de ser på bilete er det bra med bølgjer.

Eg tok ein tur på strandpromenaden i retning San Augustin i dag. Meir er det ikkje å sei om det enn at på heivegen bomma eg grovt på kor langt eg var kommen. I det eg såg ein dugande Spar-butikk kom eg på at eg hadde lova å ta med vatn når eg kom att. Det i lag med noko anna småting vart innkjøpt og heimturen starta med handlepose i eine handa og 8 liter vatn i ein dunk med kvasse kantar i handtaket. Turen tok ein halv time med byte av hand kvar 5 minuttar. Den var ikkje rett borti gata denne fine Spar-butikken.

Takk for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar