Dagens tur gjekk gjennom San Fernando med nederste del av Barranco de Fataga, som eg trur er Fatagadalen på norsk.
På min veg gjekk eg forbi dette bygget. Som de ser, det er mykje spansk ein forstår sjølv om ein ikkje kan språket. Dette er senteret for vaksenopplering.
Her nermar eg meg målet mitt for dagen. Dette er ein betongfabrikk, blanderi, og sandtak.
Meininga er å gå heilt ned til blanderiet og så ta denne vegen i dalbotnen attende.
Men eg var langt frå kommen til busetnaden for det.
Her er fyrste teiknet på at eg snart er kommen til gater og fortau att. Noko halvferdig ser det ut som dette byggverket og bakgarden.
Eg finn vegen rundt trur eg. Det er noko spesiellt med dette med ryddigheit her. Inne i bygatene er det svært ryddig. Det er knapt eit rusk å sjå, men når ein kjem ut langs vegane det ikkje bur folk, då ligg det flasker, boksar, og sekker med rusk og rask over allt.
Her er bygget frå framsida. Det viser seg at eg kom ned ved sida av det som i gamle dagar var kjøpesenteret heilt vest i San Augustin. Det var også her det var lokal marknadsplass, kvar laurdag trur eg.
Byvandringa heim gjekk gjennom bustadblokkene som lokalbefolkninha bur i.
Her kan dei tilby det meste av kroppslege reparasjonar ser det ut til.
Kjære ordførar heime i Luster. No ser det ut for at det let seg gjere å få rimeleg veg, betre enn i dag, heilt frå Nes til Høyheimsvik. Då tykkjer eg at me, i kompansasjon for vår smålåtenheit der, kan få oss ein slik rundkøyring ein stad. No sommarstid er det vel Skjolden som er mest urbanlik så kanskje me skal legge den der.
Kveldens siste måltid var eit sjansespel vil sikkert mange seie. Ein regel som ofte vert brukt er å velje ein serveringsstad med mange gjester, der har dei som regel god og trygg mat. I kveld valde me Skansen, ein svensk restaurant med mykje folk og mykje liv i gamle dagar. Då me kom inn sat det eit par der frå før. Eg tenkte, eller kanskje håpa, at det er tidleg. Snart strøymer det på med folk. Me valde kvar vår pastarett og den var ingenting å klaga på. Den vart innteken med oss to og to servitørar i lokalet. Me vart mette og servicen var rask og god.
Etter Skansen-besøket gjekk turen til lågaste nivå her på Yumbo-senteret.
No er det torsdag og fredag att. Laurdag klokka 12 kjem bussen og hentar oss.
Takk for i dag.
Nok ein fin dag og fin tur. Middag for meg og eldste barnebarn blir litt pinneribbe og speki griseribbe. Godt det også. Litt regn og 14 grader her i dag. 🐣🐣☀️☀️☀️🤙kos dykk.
SvarSlett