Me startar feriens nest siste reisebrev med eit nostalgisk bilete for mange lustringar. Blandt anna hadde dei bileter av dei beste stamkundane sine på veggen. Der kjende me att minst ein Skjolding. Hurtigruta har hatt mange lustringar på vitjing opp gjennom åra, men no er den stengd for godt, ser det ut for. Allt i 2013 vart den stengd for fyrste gong. Då braut det ut brann i dette kjøpesenteret, Metro som det heitte og som Hurtigruta låg i. Då mått mest alle etter kvart flytte ut. Hurtigruta flytte over til ein stad på heilt andre sida av byen. Det var ikkje nokon suksess, så dei flytte etter kvart attende hit, men det gjekk heller ikkje. No er den altså stengt for godt.
Eit to og eit halt år gamalt avisoppslag eg fann, kunne fortelje at om to månadar skulle rivinga skje.
Som der ser, det ligg enno her som ein ruin.
Dagens tur som gjekk forbi ruinane av Metro hadde som mål å gå gangvegen langs sanddynene så langt den går. Det var mange som hadde tenkt same tanken som meg.
Også ut i sjølve sanddynene var det mykje folk. Det er ein populer tur å gå herifrå og rett ned til stranda.
På tur heimatt kom eg over eit par gode idear å ta med heim att til Uthusen. Kva med å pynte opp slik utanfor butikken din.
Kveldsturen vår gjekk til denne staden med den hensikt å ete eit siste måltid for dagen. Angus Plaza heiter den no, men for dykk som har vore på desse trakter før så er det same staden der Little Brasil låg.
Og forandringane er ikkje store. Dei nye eigarane, eller kanskje dei same, har teke i bruk allt som er mogeleg frå tidlegare. Som de ser, mellom anna menyomslaget.
Shoppingsenteret Kasbah er der me som regel endar kvar kveld etter middagsmåltidet. Dette senteret var svært så populert ein gong, men er no prega av heller liten aktivitet. Mange lokaler står tomme.
Men me likar oss her. Det er her me endar "barrunden" vår dei fleste kveldane. Det kan sjølvsagt ha med saka å gjere at dei er meraste nabo til der me bur.

Dette utsynet vakna me opp til på denne sydenturens siste heile dag, fredag. I morgon er me kommen ut på gata klokka 11.45 for etter kvart å stige på bussen til flyplassen.
Me får sjå kva sydenturens siste dag vil bringe. Fyrst og fremst gledar me oss til å komme heim no.
Blir godt å komma heim🐣🐣☀️🌹
SvarSlettTakk for mange fine opplevelser med å lese reisebrevet ditt. God tur heim
SvarSlett