lørdag 19. april 2025

Den 14. og siste dagen i syden.

Om du ikkje har nok anna å fordrive tida di med, så kan du få vere med meg på tur i dag. Som før sagt, desse turane mine vert i stor grad til undervegs. I dag var planen å gå gangvegen til San Augustin fram og attende. Her er eg på veg, eller rettare sagt langt kommen. Endepunktet er på neset de ser der framme. Sola skin og eg går skjortelaus.

På veg siste stykket tok eg eit bilete attend mot der eg kom frå. Eg gjer ofte det har eg funne ut.

I det eg skal legge det ut så alle kan sjå det ser eg at eg har fått med ein aktivitet nederst i biletet. I desse dagar med høg oppløysing er det ikkje vanskeleg å ta fram telelinsa, d.v.s. datamusa, for å zoome inn på desse tre damene som driv med modellfotografering på stranda.

Her er eg kommen fram til enden av gangvegen. 

Ja ikkje berre på gangvegen men enden på framkommeleg natur også.

Men 50 meter attende finns det ei trapp som endar jamhøgt med øverste etasjane på huset de nett såg. Dit gjekk eg i dag. Eg visste ho var lang. Eg har gått ho før. I dag talde eg trinna og kom til 150 trappetrinn.

Men i dag fann eg veg forbi denne bergknausen som alltid før har stansa meg. Det vart litt fram og attende i gatene før eg fann vegen.

Og skulle eg ned att på stranda måtte det bli fleire trapper. No nedover sjølvsagt

Og litt trapper på andre sida syner at eg kjem vidare.

Her er trappa eg gjekk ned.

Moro å finne ein gangveg ein ikkje visste om etter 21x2 veker med spasering og turgåing her rundt Playa del Inglès.

Og her stikk det fram ny og for meg, ukjend urbanizaciòn også.

Som de så vidt kan skimte på førre biletet går det heretter ein brei, flat og fin, endelaus gangveg.

Heilt til enden av dagens tur som vart Bahia Feliz. Då hadde eg gått nok for i dag.

Og dette vart neste mål.

Som var ein busshalde plass. Derfrå tok bussen meg trygt attende til nerast mogeleg der eg bur. 

Kveldens og feriens siste måltid ute måtte me sjølvsagt innta på det som er nerast som ein stamplass for oss. Som de se, husets frue langar godt ut då me nerma oss kinarestauranten på Jardin del Sol. 

Og her ser de dei står i mot oss. Kina Sol kallar me den, den heiter visst litt meir. Me likar å gå på ulike stadar . Me har kjøpt middagen vår på i allt 8 ulike serveringstadar desse 14 dagane me har budd her. Men denne staden har me vore på 3 gonger.


Fruen tok kylling med kasjunøtter medan eg kjøpte kylling med sterk chillisaus. Fint skal det vere, me kjøper som regel forrett også. Som regel er det kvitløksbrød men her kjøper me vårrull, også i kveld.
Etter at me er mett og god kjem betalinga og då får me servert litt av kvart på huset. Som de ser, flaskene står på bordet med full rett til å ta ein til om me vil, heilt til me reiser oss og går.

Her ser de dei faste serveringsdamene som alltid er her, sju dagar i veka. Sjefen til venstre.

Eg antyda vel høgre oppe at me ikkje hadde nokon ordentleg stamplass. Det er vel ikkje heilt rett. Dette bordet ned mot dansegulvet på Kasbah er vel det som nerast kan likna på ein stamplass. Også i kveld enda me der til slutt. I kveld vart det Veterano og Apperol.

No står berre pakking og heimreise att av årets sydentur til Playa del Inglès. Klokka 11.45 må me vere ute for då kan bussen komme kva tid som helst. 
I kveld vert det hotellovernatting på Gardermoen I morgon køyrer me heim til Luster. 

Takk for at så mange ville følje oss på denne måten i år også.

Helsing 
Finn og Alice

1 kommentar:

  1. Velkomne heim til strålande vårver og takk for turen

    SvarSlett