onsdag 16. april 2025

Den 11. dagen. Langtur.

Dagens biletserie startar ute ved fyret. Som de ser er det ikkje mangel på hattar og huer om du får lyst å kjøpe.

Tanken med dagens tur var å gå stranda til til endes slik som i går, men i dag åleine. I staden for å gå gatene heimatt ville eg gå stranda den vegen også. Men slik gjekk det ikkje. Desse turane mine når eg går aleine vert ofte til undervegs. Slik også i dag. Dette er gangvegen som fortset forbi fyret og utover forbi hotella på Meloneras.

Her har eg aldri vore før så dette må vel vere ein god ide. Som de ser er veret ei å klage på heller. Og så kan eg heller ta bussen heim i staden for strandvandringa, tenkte eg.

Undervegs var det også underhaldning, Kommunearbeidarar som skifter ei røyr nedi stranda der floa er på veg å sabotera heile arbeidet deira.

Som de ser er eg ikkje åleine om å like slik underhaldning.

Her er eg til endes kommen. Playa de las Meloneras heiter det. No har eg altså vore her også. 

Attende til anleggsstaden hadde floa komme og stoppa vidare arbeide. Lukke til neste utfjæra i arbeidstid.  

Attende til fyret vart det pause med spansk omelett og ein liten øl. 

Eg veit ikkje om det var ølet, omeletten eller pausen som gjorde det. Mest truleg allt til saman gjorde at eg tok heimturen strandvegen også. Og no hadde det forandra seg. Det som var folketomt for to timar sidan var no nermast uframkommeleg. Men berre hyggjeleg det. Ein føler ein har fylje på turen på ein måte.

Slik var det på heile turen. Her nermar eg meg enden for turen og eg torer å ta fram kameraet att. Det var så mange splitter nakne soltilbedarar langs heile stranda i dag at ein einkel lustring vart gåand og sjå i marka så han mest ikkje såg kor han gjekk hen.

Eg må sei det som det var. Det var godt å sjå heimat til Corona Blanca i dag. For dei som har greie på slikt, det vart mest 23 000 steg, den siste timen delvis i laus sand og steinrøys.
 
Kveldens siste måltid vart innteke i kjellaren der me bur. Dei kallar seg italiensk og dei forsøker etter beste evne å leve opp til det også. Mange italienske rettar, pasta og pizza i store mengder, men eg vert forundra om nokon der meistrar det italienske språket.

Eg ser eg er kommen litt på etterskot med publiseringa. Me er vel litt lei både skrivar og lesar. No er det berre onsdag, torsdag og fredag att. Laurdag tidleg på dag er me på heimeg.

Sidan dette vert publisert på onsdag vil eg reklamere for mine to hjartebarn, begge startar i kveld, onsdag klokka 20.00. Quiz på Lustrabui og bingo på Radio Luster. Spør du meg er det morosamast på quiz men lat hjarta avgjere kva du gjer.

Takk for at du haldt ut heilt hit.

1 kommentar:

  1. Trudde no ikkje du va so blyge 😉 jaja, ingen fare for at du strøvla i venda då 🤭
    Kjekt å fylgja dikka på tur ☀️ snart min tur att🏖

    SvarSlett