tirsdag 7. april 2009

Kjøkkenblogg


I dag er det tid for å oppdatere framdrifta med nytt kjøkken. I dag har me hatt elektrikarar. Dei har innstallert spottar i taket og stikkontaktar. Deretter har me fått på plass oppvaskmaskin, komfyr av typen induksjon og køleskåp/fryseskåp.
Det som står att no er to dørar som mangla på leveringa og eit underskåp som me har bestemt oss for i ettertid.
Då me skulle sjekka pannene våre for om dei er brukande for induksjonskomfyr, viste det seg at det berre er ei lita panne som kan nyttast. Difor vart det kokt egg til kvelds.
I morgon må me på pannehandel sidan er me så og sei i mål.
I morgon er det påske-quiz på Lustrabui. Det gler eg meg til. Der er det alltid mange å få ein svadl med og i morgon reknar eg med at det blir ekstra moro. Ein må ha lov til å håpa på ein del påsketuristar ein skjeldan snakkar med.

2 kommentarer:

  1. Gratulera te deg og Alice med nytt flott kjøken.

    SvarSlett
  2. Så lenge det ikkje er kvalsvik-kjøkken.. Ingen behandlar ansatte dårligare enn dei. Og null service i etterkant. Ein med arfaring frå begge områder..

    SvarSlett