tirsdag 12. mars 2013

Dag 3, spasertur til San Agustin

Fyrst må det skrivast nokre ord om i gårkveld. Som dei fleste sambygdingar veit er det eit fylje på seks som også har som tradisjon å dra ned hit på denne tid av året. Desse fekk me på vitjing i går kveld. For ikkje å ta nattesøvna frå nokon, det var Sverre, Mia, Gerd Marit, Kjell, Liv og Kjetil.
Etter ein liten stopp heime hos KA drog turen til ein restaurant like utanfor gatedøra vår. Der vart det innteke middag før turen gjekk vidare til Trollstova for triveleg prat til natta kom på oss og drosjar skyssa oss kvar til sitt.

Eg ser at enkelte har etterspurt neste kapittel i prosjektet "Eg vil bytte leiligheit". Det er ordna og det er fred i heimen. Me har fått lovnad på ny plass med rikeleg sol, men får ikkje flytte før torsdag.

 Så nokre ord om dagens tur til San Agustin. Slik er utsikten vestover frå der gangvegen startar. Den røynde Gran Kanari-turist har helt sikkert sett denne utsikten mange gonger, men om de ser nøye etter vil de sjå at området med solsenger til leige no er utvida langt austover. Det er også komme nye senger og parasollar på heile området.

Her ser de mot turmålet vårt, heilt ute på spissen så langt de ser land. Det tek ca ein time kvar veg. Turen går på gangvegar heile vegen.
Her ser de ein heil liten landsby forma i sand. Dette er det største og utan tvil finaste byggverket eg har sett her  nede.
 Det er alltid nevenyttige folk som lagar ulike formasjonar i sand langs denne  vegen. Dei står som regel ved ei låg bru med eit pledd strekt utover sanden like under oss så me kan kaste ned ei skjerv som takk for innsatsen.  
Restaurante Balcon de  San Agustin var endestasjonen for turen. Der vart me mottekne med blome på bordet og kunst oppetter veggene. Gangvegen endar inne på tunet her så dette er den naturlege kvileplassen som me har vore på kvart år med unntak av eit par tre år den var nedlagd.
 Då maten var var oppdrukken var det tid for betaling. Som regel får me rekninga på eit lite stålfat med ei klemme på til å stikke pengar under. Men ikkje så her. Eg hugsar ikkje kva dei har nytta til pengeinnkreving før, men denne kassen har me aldri vore borti før. Det var i alle fall rikeleg med plass til både store og små pengar i denne.

 Så var det klart for heimtur. De ser Maspalomas-ørkenen langt der ute og heilt ut dit skal me før me svingar av og fortset ein stubbe opp i byen til Solhagen som det heiter der me bur.
I kveld blir det ein tur på Naboen, ei norsk kneipe med levande musikk og hæla i taket. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar