onsdag 13. mars 2013

Dag 4, dagen derpå?

Dette er dagen derpå på minst to måtar. Me drog på utestaden Naboen i går kveld, noko som gjorde at me kom noko seint i seng. Der skulle det etter reklamen vere levande musikk, men det vart lite av det. Den som skulle ha sin site opptreding var ikkje å sjå, medan Lillebror Sande Larsen stakk innom for lydsjekk og nokre songar. Han skal opptre kvar kveld frå i kveld og til påske så det blir sikker høve til å høyre på han ein annan kveld.
For eventuellt yngre lesarar vart Lillebror kjend som fast musikkant på programmet Reisesjekken på TV Norge for nokre tiår sidan.
Den andre grunnen til å kalle dette dagen derpå var vår lange utflukt i går. 3 timar gåtur var i meste laget med det grunnlaget eg har for slik aktivitet.

Men tur vart det i dag også. Etter den faste stoppen på stranda gjekk turen i dag fyrst på gangveg, sidan på fortau rundt heile byen. Over ser de gangvegen frå hovudnedgangen til stranda og langs Maspalomas-ørkene ut dit ringvegen startar. Under har eg lagt ut satelittbilete med dagens tur, der svart strek er strake vegen til stranda medan raud strek visar heimturen vår.

Så nokre ord om eit anna fenomen. Det er mange som lever av å opptre for turistar her. Ein av dei som kanskje har haldt ut lengst er karen ovanfor. Her har eg fotografert han i ein røykepause men hans "nummer" er å stå på ein sokkel heilt stille, som ein statue. Allt på han, både skinn og klede er einsfarga matt brunt. Sidan sist me var her har dett endra seg. No har denne klassiske statuen på strandpromenaden fått seg makker. 

 Ein annan og meir i augefallande trend er representert her. Utstillarar som viser seg i situasjonar som er umulige eller kva en skal sei. Som de ser på biletet over sit det ein kar utan hovud, eller kanskje skal det førestilla at det er gjennomsiktig sidan hatten sit på.
Nedanfor ser de den eine som sit på gata medan den andre svevar over hovudet på han. Det er også andre i same sjangeren å sjå her i år. Felles for dei alle er at no opptrer dei som levande og dei pratar å henvend seg til publikum.
Det var allt for i dag. No trur eg turen snart går til ein restaurant på Kasbah som heiter Padaban der dei har umåteleg god pizza etter vår smak. Sidan blir det sikkert tidleg kveld.
Været er ei å klaga på. Sers god temperatur og for det meste sol. 
Me høyrer at vinteren ikkje heilt har sluppe taket heime, men det lever me godt med.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar