I går kveld gjekk turen til Yumbo-senteret for middag på kafe. Retten du ser i bakgrunnen der er lasagne som husets frue valde medan eg valde meg noko me heime ville kalle ravioli. Pastalommar med ymse innhald. Det vart altså ein relativ lett pastarett på oss begge.
Slik såg det ut då eg entra gata i dag føremiddag. Ikkje verst å spankulere i kortbukse gatelangs den 25. januar. Vanlegvis har me reist hit i mars og me merkar godt at dette ikkje er det same. Det bles litt og sola er ikkje så høgt på himmelen no.
Se alquila som betyr til leige og se vende som betyr til salgs er to overskrifter som går att over allt her no. Det er vel lett å tru at korona-pandemien har mykje av skulda. På desse øyane uti havet lever dei omtrent 100% av turisme og når alle gjestene vert vekke over natta og ikkje kjem att på eit år og meir, vert det vanskeleg for mange. Dei som har råd til det, fyrst og fremst dei store hotellkjedene, har nytta tida til store opprustingar, men dei mange som lever frå dag til dag var det verre for.
Kjøpesenteret Kasbah som var svært så populert for 10 -15 år sidan, slit no med å få handlande innom portane. Det er ikkje stort meir enn to stadar ein kan kjøpe seg ordentleg middag.

Dette runde senteret som er bygd i djupna i staden for i høgda heiter Plaza. Her har det også skranta i mange år. No er det avstengt og ingen aktivitet der.
Til slutt, restauranten Litle Brasil som me har vitja mange gonger er også stengt. Ein kan kanskje håpe det er sesongstengt, men eg trur det ikkje.
Eg har lenger oppe nemt korona som ei årsak til tilbakegang, men ein annan utfordring for restaurantar og kafeteriar er at svært mange har "all inklusiv" som einaste alternativ for dei som leiger seg opphald hos dei. All inklusiv vil sei at leigeprisen omfattar alle måltid. Det vil sei du kan forsyne deg med all mat og drikke du vil eller treng heile døgeret.
Denne litt triste oppdateringa var allt for i dag.
Takk for at du stakk innom.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar