I går kveld var me på kjende trakter. Restauranten Rimini ligg i fyrste etasje til hotellet Corona Blanca som me budde på i 2020.


Målet for turen vart til litt etter kvart, men til slutt enda eg hos Sjømannskyrkja. Det besøket må nok "prestevikaren" Trond, som no er sjømannsprest i Alanya, ha litt ansvar for. Eg følte vel at eg kan ha nytte av å sjå kva ei sjømannskyrkje er når eg møter han neste gong.
Eg bomma litt med biletet, her vart det meir Ristorante enn kyrkje, men ho er der de ser det norske flagget.
Masse folk var samla der og menyen var enkel, vafler og kaffi. Denne dagen hadde dei utvida med sveleproduksjon på fortauet utanfor. Ho som stod for det var til dagleg tilsett på ferja Vestnes - Molde så ho visste kva ho holdt på med.Det var tre vigsler her denne dagen. Her har eine paret sett seg til bords og ventar berre på gjestene.
Eg fekk også ein god prat med presten her og ei av dei frivillige hjelparane hennar, Dette har eg lydfesta til telefonen min så du skal berre sjå at plutseleg kjem det eit innslag på Radio Luster frå denne delen av jordkloden ein vakker dag.På veg heim, frå kyrkja til busshaldeplassen, kom eg over dette "badebassenget" Slik kan det også gjerast om ein vil ha badestranda, men ikkje havet.
Det var allt for i dag. Takk for meg.
So du greidde ikkje halda deg frao prestadn no heller 😂😂
SvarSlett