mandag 23. januar 2023

Dag 5 holdt me oss i ro.

Eg får sei det som det er, dei to føregåande dagane vart det litt meir gåing enn kroppen min likte så i dag har eg for det meste kvilt. I går tok me også kortreist middag. Restauranten Guarapo Jardin del Sol ligg i same huset som me bur i. Den har eit godt rykte på seg og det er fullt der kvar kveld. 

 Sjøtunge og potetmos vart valet mitt.

Ellers kan eg melde attende til LMI at med sjef Jarle på ferie i same del av verda som meg vart det litt heimekontor i dag. Innhenting av tilbod på noko som heiter Garnet og som det er mangel på i desse etter-korona-tider.

Men hovudrapporten i dag vert ein liten presentasjon av der me er. Dette er utsikta vår frå soverommet vårt i andre etasje.

Bygningen er i tre etasjar frå utsida der den anonyme inngangen og resepsjonen ligg. Der er det også både ein relativt stor matbutikk og ei rekke med serveringstadar .

Når me går gjennom bygget, opp ein etasje og ut på andre sida, kjem me inn i solhagen som navnet betyr. Her ligg "leiligheitane" på rekke og rad i ein firkant.

Dette er uteplassen vår. Innanfor er det eit opphaldsrom med kjøkenkrok. I andre etasje er det bad og soverom.

Og her er sjølve sentrumet, badelandet, soleplassen og poolbaren der dei sel både vått og turt, kaldt og varmt.

Til slutt, eg vil påstå at det er svært reint og ryddig i det offentlege rom her. Her er det gatefeiarar som går sine faste rundar og pussar opp etter oss om det er nokon som skulle komme til å miste noko. Kanskje dette biletet er bevis på reinslegheita. Slikt som dette er det skjeldan å sjå. Kan det vere at ein i farten ikkje ser fyrste ordet og ser resten som ei oppmoding?
Takk for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar