fredag 28. mars 2014

Fredag, den siste feriedagen.


 I det sola gjekk ned bak åsane i vest sette me oss i ein gammal og sliten taxi av typen Merceders. Kilometerteljaren stod på rundt 450 tusen kilometer. Kva tal som skulle stå føre der om det var plass til det veit ikkje eg men at det skulle vere eit tal til er opplagt. Men bilen makta turen og det var det viktigaste for oss. Han kjem heilt sikkert til å gjere mange fleire turar til før han blir pensjonert.
I ei av avisene heime las eg ein dag om ein liknande modell som hadde gått 3,2 millionar kilometer.

 Vel ute i Puerto Rico trefte me på to blad Kjell med følje. Ho bestemor frå Røslebakkane hadde med helsing til oss. Noah med broten høgre arm hadde både skrive og teikna til oss og det sette me stor pris på.
Det er alltid hyggjeleg å treffe kjendtsfolk når me fire har gått her åleine mest heile tida i 14 dagar. Denne kvelden vart det fyrst eit triveleg middagsmåltid med åtte rundt bordet før turen gjekk til stampuben til mange lustringar her. Molly Malone's heiter staden og er svært triveleg. Det er irsk eigar og levande musikk framført av eigaren sjølv og ei ung jente.

 Dagen i dag har bore preg av innspurt. Ein tur ned til strandområdet for å oppdatere badety-garderoben vart avslutta med fiske-spa. Her ser de pasienten i det ho blei reingjort før sjølve behandlinga.


Noko skepsis kan ein vel fornemma i det føtene vart senka ned i vatnet og fiskane starta sitt festmåltid.

 Dei tok godt til seg av heile matfatet. Med stor iver tok dei til seg av det som var til overs av daude hudceller. Det er i alle fall det eg har vorte fortald at dei renskar opp i. Etter iveren å dømma gjekk dei ikke svoltne til kvile i kveld.
 Etter ei tid såg det ut til at også offeret for etegildet sette pris på opplevinga. Det er i ettertid ikkje oppdaga endringar, på godt eller vondt, etter behandlinga, men det var vel heller ikkje venta. Det vart i alle fall ei ny oppleving i CVen.

No står det berre att å lese inn eit lite  reisebrev til han Kjell Opheimshaug og hans lydarar på Radio Luster i  kveld. Deretter går turen på vår lokale kinarestaurant til eit siste middagsmåltid her nede.

I morgon vert vel dagen mest nytta til pakking og venting til tida er inne for å oppsøke flyplassen. Ved middnatts tider i morgon kveld landar me på Flesland. Deretter går turen strake vegen heim til Luster. Det gledar me oss til alle saman.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar