søndag 23. mars 2014

Søndag med spasertur til San Fernando

Søndagen starta med overskya himmel i dag. Kanskje var det derfor at Alice også ville vera med på vår daglege fottur. Det viste seg at skylaget var forbigåande og før me hadde fått på skoa var himmelen blå att, slik den har vore heilt sidan me kom hit for over ei veke sidan.

I dag gjekk den daglege fotturen vår til det området som lokalbefolkningen her bur i. Området heiter San Fernando og ligg nord for turistområda. Biletet over viser ein lokal loppemarknad me kom over ved ein tilfeldigheit. Ein ny rundkøyring gjorde at me svinga eit kryss før planlagt og hamna altså midt oppi denne søndagsaktiviteten.

 Som bileta viser er utvalet og mangfalde stort. Både nye og brukte varer var for sal. Her var det mykje klede og skor, her var det koppar og kar, verktøy, ei mengde bruktbøker og ei uendeleg mengde anna. Storleiken og stemninga er ikkje på nokon måte mogeleg å gjenskapa på eit par tre bileter.

 På vår tur vidare passerte me den lokale brannstasjonen. Bomberos er ikkje så militant som det ved  fyrste augnekast kan sjå ut som Det tyder rett og slett brannmenn.

Så gjekk turen gjennom ein stor park med dette svære amfiet. Eg tykkje eg dreg kjenskap på den einslege publikummaren som sit der og ventar på neste forestilling.

 Turen vidare gjekk parkområdet til endes. Som de ser er her grønt og fint og svært velstellt. Me skal hugse på at her er eigentleg ørken. Det er månader mellom kvar gang det regnar så det er ingenting anna enn ei og anna palma som held seg grøn utan forholdsvis intensiv vatning og vatn er eit produkt det er lite av og som er relativt dyrt. Ein god del av springvatnet kjem frå avsalta sjøvatn.

Parken er svært populær å nytte til utfluktstad for lokalbefolkningen. På fridagar som i dag på søndag ved middagstid var det fleire stadar at heile storfamiliar hadde ordna seg til med matlaging og festleg samkomme for både liten og stor, ung og gammal.

Kvelden i går vart det kinamat på menyen for meg og Alice før me hamna på Naboen. Der hadde vårt reisefølgje drege før oss for å sjå fotballkamp på TV. Då me kom dit møtte me og på eit par andre kjenningar heimafrå. Sjølv om me alltid seier at det ikkje er for å treffe kjentfolk heimanfrå me dreg på ferie så er det alltid eit hyggjeleg avbrekk med ein prat når det passar seg slik og me vart sitjande til langt på natt.

Kva kvelden som no ligg føre oss vil bringe veit eg ikkje enno.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar