fredag 27. mars 2015

Nest siste heile dagen og trimminga tek heilt av.

Det er stadig berre eg som lever eit liv som planlagt her nede under palmene. Dei tre er absolutt på betringens veg, men noko redusert enno så eg går mine turar i einsemd. Som eg batt meg til i gårdagens blogg har også dagen i dag vore tileigna trim.


Morgonturen gjekk som tradisjonellt til stranda. Der er det store fellesarealet framfor stranda snart ferdig opprusta så eg måtte ta turen opp trappene i vest for å ta eit oversiktbilete før turen gjekk samme trappene ned att.


Her ser de trappene i aust. Desse synte eg dykk i går også. Då frå toppen. Også i dag gjekk turen opp her i heseblesande fart. Det var like før eg skremdst over meg sjølv, men det kjem meir seinare i reportasjen.


Dette er eit motiv mange lustringar kjennest ved, inngangen til kjøpesenteret i Puerto Rico. Der gjekk turen min i dag. Noko må ein finne på og i dag sette eg meg rett og slett på bussen hit. Etter å ha gått senteret til endes kom eg på at når eg likevel er her heilt åleine og ikkje har anna å finne på kan eg finne utgangspunktet for trimturen til Norskeplassen. Endepunktet for ei trimløype mykje nytta av nordmenn ferierande her. Denne turen har det vora ymta frampå fleire gonger at me må ta.
Etter å ha studert landskapet på den sida av dalen der denne løypa ligg, fann eg at det er berre ein stad det er mogeleg å komme heilt til topps. Eg gav meg i veg oppetter dei bratte gatene. Det blei nokre bommar undervegs, men til slutt nerma eg meg toppen. Då kom det ein nordlending med samme målet bakfrå og me kom i  prat. Han kunne fortelje at no var eg på rett veg, han var i samme ærendet. Me slo lag oppover og snart var me på toppen. Då kunne han fortelje at no var det verste gjort. No var det berre å følje grusvegen så var eg snart på endestasjonen.


Korleis går det med den nyfrelste trimmaren som berre skulle kika nokre svingar oppetter gatene trur du. Jo eg sette ivegen, eg ville no sjå bakom fyrste blånen i alle fall. Ja ja blåne er kanskje å ta hardt i men synsrand då.



Men synsranda flyttar seg ho etter som eg går og snart hadde eg det finaste utsynet ned att i Puerto Rico og var eg kommen så langrt så kunne eg vel gå litt til.



Etter kvart var det tydeleg at det var langt ned att til busshaldeplassen og det lei langt på dag. Ikkje hadde eg drikke med meg heller så eg byrja å bli spøke tyrst.

Til slutt kom eg til eit punkt der  vegen luta nedover att. Eg såg den gjekk ned i ein dal og opp att på andre sida. Då gav eg opp og snudde nedatt.


Vel heime i ferieheimen vår på Playa del Ingles leita eg opp turen min på Google Earth. Der viste det seg at eg ikke skulle ned i dalbotnen og oppatt på andre sida. Norskeplassen var sikkert ikkje meir enn 3-4 hundre meter etter flate vegen frå der eg snudde.

Ikkje så galt at det ikkje er godt for noko. Planen min var å gjere meg litt kjend med korleis ein tek fat dersom ein vil finne vegen til Norskeplassen. Eg kom aldri til Norskeplassen men den eigentlege oppgåva mi gjorde eg særs grundig.

Eg er i ettertid kommen til at eg ikkje er så gjennomtrent som eg trudde tidleg i dag. No er eg stiv som ein stokk og ventar morgondagen med spenning.


Takk for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar