tirsdag 24. mars 2015

Endeleg finvær.


Som gradstokken viser var det 25 grader i skuggen i dag formiddag. Helsa er betre hos alle tre, men dei deltek ikkje i noko enno så eg rusla rundt i sola aleine i dag også.


Føremiddagsturen gjekk til San Fernando sin holmenkollås. Som biletet viser er dei ikkje redde for å nytte fargar på husa.
Heime har me oftast reglar for korleis hus skal sjå ut i byggefelt. Ikkje slik at alle skal vere like men at dei "står til kvarandre". Her trur eg ikkje det er noko slike reglar og det fungerar fint tykkjer eg.
Men ein må vel ha høg toleranse for mangfald og for det ein sjølv ikkje tykkjer er fint. Her nokre eksempel frå eit nabolag i denne gata.







Medan resten av turføljet altså også i dag føretrekker å nytta dagen til kvile og restitusjon, tok eg ettermiddagsturen om stranda.


Der vart lunchen innteken i einsemd. Kjukling og ein liten øl. På veg etter handlegata kom eg over bordet på biletet under. Då gjekk tankane til barnebarnet Ada. Dette virvaret av smykker og bittesmå pyntegjenstandar trur eg hadde vore interessant for ho.



Den som har vore på Playa ein einaste gong dei siste titals åra har heilt sikkert sett denne karen. Og han held ut. Slik har han posert nærast kvar einaste dag eg har vore på stranda, kvart år sidan 2003.
Det samme kan seiast om klovnen med den svære kvite munnen som går med sine påfunn etter gatene.


Litt fagprat må til i dag også. Mur og betong det blir brukt til allt her. I dag kom eg over eit område der dei holdt på å legge nye betongfliser på fortau. Då støyper dei og avrettar fyrst. Der var det dei nytta denne doningen. Traktorskuffe som betongblandar har eg ikkje sett før, men det var svært effektivt til dette arbeidet.

Det ligg ein roleg kveld framføre oss. No håpar me berre at alle blir heilt friske til den lange heimturen. Alle er såpass at dei tek del i solinga på terrassen så brunfargen trur eg me skal berge, berre været vert slik yr antydar desse siste feriedagane våre.

Takk for i dag.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar