fredag 16. mars 2018

Fredag, hytta vår

 I dag vil eg syna dykk hytta vår. Dette er 15. besøket vårt her så me har vore her til saman 29 veker når denne turen er til endes.
Bilete over viser inngangen til resepsjonen, lite prangande som hytteliv skal vere tykkjer me.


 Det same kan seiast om resepsjonen og resepsjonistane som har vore dei samme sidan 2003 då me såg dei for fyrste gang.


 Innanfor der er det eit fellesområde, mest brukt av guidane som kjem hit kvar dag ein tur, trur eg.


 Frå resepsjonen er det opp eit trapp eller ein bakke for dei som likar omvegar eller har tung trillekoffert.

 Det er ikkje matservering her, men ein liten poolbar har me. Den ligg liksom uti bassenget og sel drikkevarer snop og litt gatekjøkenmat.


 Dette er hovudbassenget, på andre sida av baren er det barnebasseng, allt omkransa av solsenger.


Her er utsikten ned att til der me bur

Som er her

Takk for i dag men fyrst:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar