I går hadde me vitjing frå nabobygda og etter ei hyggjestund heime på terrassen bar turen til Kasbah, ei av butikk/serverings-klynjene her som kallar seg for shoppingcenter. Der vart det fyrst middag og deretter ein tur på vår versjon av Molly Malone's.

Me er to aldrande menneskjer på ferie så me tykkjer ikkje at kvar einaste dag må vere fyllt med fart og spenning. I dag har me lege fullstendig på latsida. Min innsats i dag har vore ein tur rundt hjørna og handla det mest trengande kolonialvarer og ein tur i poolbaren for å kjøpe meg ein is. På veg dit gjekk eg forbi "villmarka" vår. Fossefallet med ein liten dam med skilpadder.
Til liks med guten var eg også nysgjerrig på desse, med då eg forsøkte meg innanfor komfortsona med fotograferinga drog ho hovudet til seg.
Kviledag i dag, men i morgon ettermiddag dreg me på tur att. Reportasje derfrå kjem vel i fredagsutgåva.
Det var dagens suppe på ein spikar.
Takk for i dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar