tirsdag 20. mars 2018

Reiseblogg dag 6: Det kjem folk.

Det gav seg sjølv kva som måtte bli hovudoppslaget på dagens reisebrev. Etter å har opplevd langhelg på Gaupnetunet og helgeopphald på Skjolden Hotell; skal det no bli mogeleg å oppleve hotellopphald på Sanatoriet?  (Biletet er NRK S.F.  sitt, eg håpar eg slepp å slette det.)

Nok om det. her nede i syden set me no og gledar oss til besøk frå grannebygda Puerto Rico. I 5 - 6 tida er dei på veg hit. Eg er sikker på at det skal bli nok ein fin kveld "i gode venners lag".

 Gårkvelden gjekk roleg for seg. Etter ein sers neringsrik treretters middag hos dei kinesiske naboane våre gjekk turen ein liten runde rundt i bygda for å få maten til å sige litt før det var tid for å sove.


I dag har eg ikkje vore lengre enn ein snartur ut på butikken. Resten av dagen har eg blandt anna nytta til å følje med på kommentarane etter gårkveldens avgjer i den Listhaugske heim.
Litt generell filosofering har det også vorte plass til. Her ser de eit bilete frå ein dag tidlegare der eg foreviga to karar som pynta kruna på palmene langs strandpromenaden.


Frå uteplassen min har eg utsikt til desse to staute palmene i min solhage. Skal tru om same metoden vert nytta når desse treng hjelp frå palmefrisør? Det er i så fall noko meir av eit karstykkje en det eg foreviga hin dagen.

Det får vere nok frå mine innerste tankar for i kveld. No gledar me oss som sagt til kveldens besøk. 

Takk så langt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar