lørdag 17. mars 2018

Reiseblogg dag 3, Laurdag

 Eg vil starte denne bloggen med å vise eit fint hus. Denne keramikkverkstaden ligg ikkje langt frå buplassen vår. Kvart år har eg gått forbi her fleire gonger. Dei siste åra har eg sett at aktiviteten har sunke og no er den stengd og huset er til salgs. Keramikk er vel ikkje den lettaste vara å selje til flybårne turistar. Tungt er det og noko varskildt også. 
Men huset er spesiellt. Heilt dekka av håndlaga keramikkfliser og anna pynt. Det er sørjeleg at det ikkje er eit yrande liv rundt dette huset og at me ikkje lenger kan sjå inn på meistaren som sat der inne og laga dei finaste produkta. 


Det er dumt at det som er så storslagent i verkelegheita ikkje er det på bilete. Alikevel prøver eg meg. Dette hotellet tykkjer eg er det mest staselege på heile øya. Men på bilete vert det liksom berre eit hus, om de forstår.  

 Dette har de heilt sikkert opplevd sjølve også. Tenk dykk ein strålande solnedgang. Med tårene i augekroken røskar de fram telefonen eller kameraet og knipsar i veg. Men sit same stemninga i deg når du skal vise biletet til andre seinare?


 Ellers har ikkje dagen vore så rik på hendingar så langt. Eg sette kursen mot San Augustin i dag. Det var det også mange andre som gjorde. Det går fin strandpromenade heile vegen langs stranda frå Playa del Ingles og ut dit, ein 3-4 km.


Det vil seie, eg kom ikkje heilt ut til enden på vegen. Den var stengd på grunn av opprusting og reparering men turen var fin så lenge den varde. Heimvegen tok eg gatelangs for variasjonens del.
Vel heime merka eg at det var like godt at turen vart litt avkorta. Til liks med Northug føler eg meg ikkje heilt i form, men eg skal ikkje klaga på overtrening.

I kveld gledar me oss til å møte kjenningar heimafrå i Puerto Rico. Me blir i alle fall 6 rundt bordet når det lir til mattid i 7-8 tida i kveld. Korleis det går skal de få lese om i morgon om det går gjennom sensuren.

Takk for i dag.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar