søndag 18. mars 2018

Reiseblogg dag 4, lat søndag

 Sensuren har tala, det finns ikkje noko som ikkje kan omtalast her av det me føretok oss i går kveld. I det sola gjekk ned ankom me Puerto Rico.

Portonovo heiter hotellet Mia og Sverre bur på. Det ligg i den forholdsvis nye hamna så det er sikkert det namnet kjem av. Puerto nuevo betyr vel noko slikt som nyehamna. 
Men altså det var her kvelden starta. Me to, Kjell og Gerd Marit og vertskapet sessa oss fyrst på balkongen her for ein velkomstdrink og "kjekt å sjåast så langt heimanfrå" prat før turen gjekk til restaurantmiddag i underetasjen.


Det er mykje hurtiglaga halvfabrikatamat å få kjøpt her nede. Det smakar likt allt same kor me et er liksom standardvurderinga av serveringsstadane her.
Men Mia, eg trur det var du som valde i går kveld og der du valde var maten ein heilt annan klasse enn standardklassen. Eg har skjeldan fått servert eit betre måltid her nede enn det eg fekk i går. Min medio steikte biff i peparsaus med pomfritt og grønsaker til var perfekt og det var berre velleta å høyre frå resten av gjengen også.

 Etter maten gjekk turen til senteret. Etter ein stopp på noko dei visst kalla dei grøne benkene og ein irish coffe, den og av beste merke, gjekk turen til Molly Malone's for å vere med på å feire St. Partricks dag, den irske nasjonaldagen. 

"Over hele verden møtes irer og fester med øl og musikk. Dette skjer ofte på irske puber"  står det om dagen i oppslagsverket vikipedia. Dette var me altså del av i går kveld. Moroa heldt fram til langt på natt men me skapa oss ordentleg alle seks så me gjekk derifrå med æra i behold. 

I dag har me stort sett holdt oss heime. Som de ser er veret strålande og då trengst det ikkje meir for å nyte ein lat søndag heime på terrassen.

Berre avbrote av ein liten tur rundt hjørna for ein liten lunch. Eit liv i luksus, så  lenge det varer.

I kveld vert det ein tur på Kasbah og ein pizza kanskje. Deretter tenkjer me oss ein tur for å sjå på strandområdet på kveldstid. Om det vert noko å dela derifrå får de lesa om det i morgon.

Takk for i dag.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar