torsdag 15. mars 2018

Sydenferien 2018 tek til.

 Det er vel her ein reknar ferien for i gang. Det er i alle fall det som på flyspråket kallast "Point for no return". I flyverda er det når hastigheiten er så stor i forhold til lengda på flystripa at dei ikkje kan avbryte avgangen. For oss var det i går då me entra flyet og døra gjekk i lås bak oss.


Som de ser, me angra oss ikkje. Me fann fort flyseta våre, dei på førehand bestillte 1a og 1b. og humøret var det ikkje noko å klaga på. Med raudvin, kryssord og podcast (og ein liten dupp) gjekk turen til Gran Canaria fort sjølv om me flaug i motvind heile vegen og brukte mest 6 timar.

 Her er me framkomne til hytta vår, Jardin del Sol på Playa del Ingles. I år vart det nr 84. Det betyr at me får ettermiddagsol inn på trammen. Det er det evige store spørsmålet kvart år, skal me ynskje oss  nummer 1 til 10 og få morgonsol eller på 80 talet og få kveldsol. I år har me ikkje sett fram noko ynskje og er godt nøgd med resultatet.

 Eg trur ikkje det gjekk meir enn 5 minuttar før husets frue hadde funne seg ein plass i sola .


 Medan eg tok turen til kjøpmannen fyrst. Det kan kanskje sjå ut som eg set og fiskar, men stanga er ei såkalla selfistang som eg sikkert burde anonymisert noko med kameravinkel og slikt.


 Me har kinarestaurant som omtrent næraste nabo så dit gjekk vegen i går kveld. Som de ser, me kastar ikkje mat.


 I dag har turen gått til stranda. Her er eg kommen ned til strandpromenaden og endestoggen er observert der framme ein stad.


 Det som skjer på min veg må også dokumenterast. Det er mykje palmer rundt omkring her som naturleg er. Desse treng stussing i blandt om det skal vere trygt å gå forbi dei i all slags ver. Det er det desse to held på med.
Lengre oppe i gatene hadde dei måla opp att markeringar i vegen. Dei hadde måla halve vegbredda og så stod det to menn og dirigerte trafikken for at ingen skulle køyra på kjeglene dei hadde sett ut.


Dette er 15. turen vår til Playa del Ingles. 13 av dei var me to som gjekk desse turane ned på stranda, den 14. sat turkompisen heime og var for sjuk til å reise. I dag var det spesiellt å ta turen på stranda utan to glas skummande øl på bordet.
Eg gjekk ikkje bort til stamkafeen vår denne gangen og eg set meg kanskje ikkje meir ved favorittbordet vårt.

Takk for i dag.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar