mandag 19. mars 2018

Reiseblogg dag 5 Ny veke

"Rent a car" står det mange stadar her. Bilutleige er stor bisniss og det er ikkje mange meterane mellom kvar utleigar. Denne vesle litt fillete utleigebilen fann eg på min veg i dag. Rent a Ka, a streetKa kunne vore tilbodet her. Dette er ein 2setar kabriolet med namnet Ford streetKa.

 Men lat oss starte med gårdagen. I går kveld inntok me dagens siste måltid på Padaban. Det er ein serveringsstad me har vitja mange gonger opp gjennom åra. Den ligg på kjøpesenteret Kasbah. Her er det masse folk, god service, god mat og som de ser er dei svært så rause med kvitvinen. Av fast føde valde me pizza  pepperoni.
 Sidan bar det skrått over dansegolvet til ein fin utsiktsplass der me unner oss ein kvar sin Irish coffe når anledningen byr seg. No er me noko vekkskjemde med kvaliteten på slikt heimanfrå men denne er heller ei å klage på.


 Den som føljer nøye med på Facebook fekk kanskje med seg ein liten filmsnutt frå dansegolvet i går kveld. Her er eit par bilete frå same hendinga. Her er det dans til levande musikk kvar kveld frå ca kl 19 til det nerare midnatt. Oppslutnaden er overveldande, her er som regel dansegolvet fullt heile tida. Allt frå dei "halvproffe" danseløvene til einslege eldre damer med gåstol trør takten til fenjande spanske tonar. 


 Og kafebord, trapper og eigna murkantar er fyllte opp av publikum og potensielle dansarar som ventar på tur eller at motet skal infinna seg. 


Kvelden avslutta med nede ved strandkafeane. Her også er det eit yrande liv heile kvelden. På dei 15 åra me har tilbringa vinterferien her trur eg ikkje me har teke turen akkurat dit ei sein kveldsstund, men det var turen verd. 


Dagen i dag har gått med til soling for ein av oss og ein tur gatelangs for den andre. Ellers går no ein heil del tid med til å følje med på kva våre utvalde beste av oss nytta dagane til på storting og i regjering. Dei er nok flinke folk dei aller fleste, men med ein fanclub som sjølv ikkje ei mor kunne elske er det ikkje enkelt.  Eg ser også at det finns lustringar som via soiale medier serverar sine facitsvar.  Eg håpar i alle fall ikkje at desse stormfulle dagane i norsk politikk tek nattesvevnen frå folk. Ei god natts søvn det unner eg alle, ven eller fiende. Det kan til og med løyse opp i ei floke i blandt.

Takk for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar